Kroatisk industrikonsern kjøper Kleven Verft

- No skal vi, saman med nye eigarar, tenke langsiktig og utvikle oss vidare.

  Foto: Per Eide

Nyhende

Det seier administrerande direktør ved Kleven Verft Kjetil Bollestad i ei pressemelding.

Det er det kroatiske industrikonsernet DIV Group som har inngått avtale om å kjøpe Kleven Verft av Hurtigruten. DIV Group er eit av dei største industrikonserna i Kroatia, og eig mellom anna det største skipsverftet i Kroatia, Brodosplit. Avtalen er forventa å bli gjennomført i løpet av dei neste vekene, når dokumentasjonsprosessen blir sluttført.

– Eg er utruleg glad på vegner av alle tilsette i Kleven at vi no er i ferd med å få inn ein ny og solid eigar av verftet. Vi har gjennom ein vanskeleg periode klart å levere fantastiske skip, samt halde på den høge kompetansen på verftet, seier Bollestad.

Tomislav Debeljak, eigar og administrerande direktør i DIV Group, ser fram til samarbeidet:

– Vi er veldig glade for å ha signert denne avtalen som opnar moglegheita for samarbeid mellom to lange og vellykka skipsbyggartradisjonar. Kleven er anerkjent over heile verda som eit norsk verft med fyrsteklasses referansar og konstruksjonskunnskap, spesielt når det gjeld utstyr til komplekse skip. Eg er mest tilfreds med at Brodosplit, som vi klarte å plassere ekstremt godt i segmentet for bygging av middels store og polare cruiseskip, har funne ein forretningspartnar som dei vil kunne oppnå topp resultat med, seier han.

Ifølgje Debeljak, er Brodosplit eit av dei mest effektive verfta i verda når det gjeld design og konstruksjonskvalitet, hastigheit og konstruksjonsteknologi.

– Skipa vi byggjer er eit synleg og globalt attkjennande produkt, men vi ønska meir, og det er grunnen til at vi no er begeistra for å ha kopla Kleven saman med Brodosplit, seier han.

Han forklarer at denne forbindelsen vil skape ei positiv synergieffekt i alle segment av verksemda, inkludert entreprenørverksemda og finansiering av bygging av nye skip, samt design, bygging av skrog, og spesielt å utstyre framtidige nybygg. På grunn av denne positive synergien, forventar han også lågare byggekostnadar og betydeleg lågare kostnadar for å finansiere nye prosjekt.

– Den totale innsparinga, som kan utgjere opptil fem prosent, vil ikkje berre tillate oss større lønsemd, men også konkurranseevne når vi kontraherer og byggjer komplekse, mellomstore skip. I dette segmentet har vi, med dette samarbeidet, ein stor sjanse til å bli den beste på marknaden. Saman skal vi gjere alt for å oppnå dette, seier DIV Group-direktøren.

Vinn-vinn-avtale

Finansdirektør i Kleven Verft Ola Beinnes Fosse peiker på tre grunnar til at Kleven valde å gå for DIV som ny eigar:

– 1: Kleven og DIV Group har kompletterande ferdigheiter, som saman legg til rette for ambisjonen om å bli eit verdsleiande og lønnsamt verft.

– 2. Dei har ein balanse og eigenkapital som gjer det mogeleg å finansiere nye skip.

– 3. Dei kjem med nye prosjekt om kort tid, og kjem også med arbeidskapital som gjer oss i stand til å bevare den unike kompetansen som er bygd opp dei siste åra.

Skal framleis vere Kleven Verft

Både for Kleven-leiinga og Hurtigruten som eigar, har det vore viktig at identiteten og kompetansen blir tatt vare på. Kleven Verft skal framleis heite Kleven Verft når DIV Group står som eigar. Verftet kjem også til å halde fram som eit eige selskap, men under DIV Group-paraplyen.

– Vi har leita etter ein eigar som vi er sikre på at vil Kleven det beste. Fleire moglege kjøparar har blitt vurderte, og vi er heilt sikre på at DIV Group er rett for Kleven. Ingen andre har vore i stand til å vise til ein så trygg og langsiktig plan for verftet. Dette er ein perfekt match, seier Beinnes Fosse.

Han får støtte frå Torleif Ernstsen, finansdirektør i Hurtigruten.

– Det er bra at Kleven no har funne ein ny eigar med langsiktig perspektiv. Kleven har opparbeida seg ein unik kompetanse knytt til bygging av ekspedisjonsskip som dei kan vidareutvikle. Vi meiner at DIV Group vil vere svært gode eigarar for Kleven, seier Ernstsen.

I tillegg til ei rekkje spesialskip, har Kleven Verft det siste året levert verdas to første hybriddrivne cruiseskip – MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen – til Hurtigruten.

Samarbeid gir konkurransefortrinn

Frå no av, vil Brodosplit og Kleven kunne samarbeide om byggeprosjekt.

– Brodosplit er enormt store og erfarne, spesielt innan stålarbeid. I ein bransje som slit med lønsemda, kan vi no dra nytte av kvarandre sine styrker og samarbeide om prosjekt der det er hensiktsmessig. Målet er å bli meir konkurransedyktige, og samstundes kunne bygge med lønsemd, fortel Ola Beinnes Fosse.

Takkar Hurtigruten og bankane

Hurtigruten sitt eigarskap og bankane si føreseielegheit og støtte, har ifølgje Kleven-leiinga vore heilt avgjerande for at Kleven har kome dit dei er i dag. Saman har dei bore verftet gjennom dei siste åra.

– Vi takkar for det gode samarbeidet med bankane og for det avgjerande eigarskapet til Hurtigruten. Dei gav oss moglegheita til å overleve, samt å bygge verdifull kompetanse på verftet. No ynskjer eg Hurtigruten ei eventyrleg reise vidare med sine fantastiske skip og ekspedisjonar rundt omkring i verda, seier ein takksam Kjetil Bollestad.

Hurtigruten takkar dei tilsette på verftet i Ulsteinvik for jobben dei har gjort.

– Dei tilsette på Kleven har gjort ein formidabel jobb med leveringa av verdas mest avanserte ekspedisjonsskip. Dei har stått på døgnet rundt sjølv med ei usikker framtid. Det står det enorm respekt av, og seier noko om kompetansen og profesjonaliteten på Kleven, seier Ernstsen.