Harald Thorseth:

Januar 1992

Fyrste januardagen i 1992 vart vi heimsøkte av den verste orkanen som nokon gong har herja landet, så langt ein veit. Berre tolv dagar seinare skjedde det som kunne ha vorte ein ny katastrofe. Då grunnstøytte malmskipet «Arisan» ut for Runde. Skipet var på veg frå Narvik til Rotterdam.

KVALSVIKA: Biletet vart teke berre få timar etter at «Arisan» hadde gått på grunn ved Geitmaren. Syskena Ida Beate og Simon Inge Remøy prøvde, med god hjelp av vaksne, å berge livet til denne stakkars ærfuglen. Men fuglen vart dessverre ein av dei om lag tre tusen sjøfuglane som måtte bøte med livet etter å ha vorte tilgrisa av olje. FOTO: HARALD THORSETH 

I fleire dagar driv «Arisan» rundt som eit spøkelsesskip på havet utanfor Sunnmøre og heilt sør om Stad, utan at nokon grip inn.

Nyhende

Då det 270 meter lange skipet gjekk på grunn, var det lasta til randa med jernmalm, 135 000 tonn. Om bord var også 400 tonn tungolje og 30 tonn diesel.