NMS Gjenbruk i Myrvåg feirar ti år:

– Det sosiale er løna

NMS sin gjenbruksbutikk i Myrvåg feirar i desse dagar ti år med drift, ti år som sosial møteplass og ti år med vekst. No siktar dei seg inn på ti nye.

Stortrivast: Desse damene er blant 30 engasjerte frivillige som driftar gjenbruksbutikken i Myrvåg. Dei stortrivst på jobb. F.v. Rigmor Fuglseth, Sigrun Skoge, Inger-Liv Sporstøl, Brit Nilsen og Edith Leinebø. 

Nyhende

21. januar vert ein merkedag i Myrvåg. Då er det nøyaktig ti år sidan Det Norske Misjonsselskap (NMS) skipa gjenbruksbutikken her. Eit fullstendig tal for kor mykje pengar som har gått til misjonsarbeidet frå NMS Myrvåg fins det ikkje ei fullgod oversikt over, men med ei brutto omsetjing på 800.000 kr berre for enkeltåret 2019, kan ein rekne med at bidraget har vore betydeleg.