Vil ha dritvêrsturisme og geologisafari

Det tredje folkemøtet i regionen sist veke vart det best besøkte. Fellesmøtet mellom Sande og Vanylven om reiseliv samla fullt hus og skapte engasjement.

Folkemøte: Sandssokningane og vanylvingane drøfta ulike problemstillingar. Nærast t.h. er bordet der ordførar Olav Myklebust og varaordførar Einar Ekroll i Sande kommune sat, og kom med innspel undervegs. Alle foto: Endre Vorren 

Nyhende

Dei to kommunane, med under 6.000 innbyggjarar samla, hadde fellesmøte på Åram torsdag kveld. Over sytti deltakarar fann vegen til grendastova, der nøkkelorda kan seiast å vere engasjement og idéutveksling.