Tre lokaleigde skip på større oppdrag i Midt-Austen

Nodeseismikkselskapet Axxis Geo Solutions har starta opp arbeidet på eit større 3D nodeseismikkoppdrag i Midt-Austen. Det opplyser selskapet i ei børsmelding fredag.

Havila Fortune er eitt av dei innleigde skipa Axxis Geo Solutions brukar i arbeidet i Midt-Austen.  Foto: arkiv

Nyhende

I påvente av at arbeidet skulle starte opp, har Axxis hatt fire innleigde skip i Midt-Austen, skriv Nett.no, som først omtala denne saka. To av dei, «Havila Aurora» og «Havila Fortune», er eigde ut av Havila Shipping, medan eitt, «Sanco Sword», er leigd ut av Gjerdsvik-selskapet Sanco. I tillegg er «Pacific Finder» innleigd.