3,9 millionar kroner i grasrotandelar til Ytre Søre:

Desse fekk mest av lokale lag og organisasjonar - idrettslaga håvar inn

Lokale lag og organisasjonar i Herøy, Sande, Vanylven, Ulstein og Hareid fekk i fjor nær fire millionar kroner (3,9 mill.) i grasrotandelar frå Norsk Tipping.

Illustrasjon   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Gjennom ordninga "Grasrotandelen" får Norsk Tipping sine kundar vere med på å bestemme kven som skal ta imot delar av overskotet til selskapet. I 2019 var det totalt 698 265 345 kroner som skulle fordelast ut til norske lag, foreiningar og organisasjonar som er knytt til ordninga. Det var nok ein gong rekordutbetaling. I 2018 var talet 649 millionar kroner. Auka i 2019 blei altså på drygt 49 millionar kroner. Hovudårsaka til auken er at stadig fleire av Norsk Tipping sine kundar knyter seg til Grasrotandelen. I 2019 blei det over 65 000 nye gjevarar.