– Kva må vi gjere for å lokke dykk tilbake?

Kva skal til for at unge herøyværingar vert buande i kommunen? Og kva kan gjerast for å få dei som har flytta ut til å kome heim att?

Ove Kvals­vik spur­de mel­lom anna kom­mu­nen og Me­re­the Hjer­tø Flu­sund i Hav­lan­det AS om kva som blir den vik­ti­gas­te ar­beids­opp­gå­va for det ny­star­ta selskapet fram­over. Det en­k­le sva­ret: Ska­pe nye, at­trak­ti­ve ar­beids­plas­sar til beg­ge kjønn.  Foto: Josefine Spiro

Nyhende

Dette var utgangspunktet då Herøy kommune inviterte til romjulstreff på Herøy kulturhus måndag 30. desember. Møtet var mynta spesielt på dei som tenkjer på å flytte heim att og dei som er i tvil om dei vil halde fram med å bu i Herøy.