Myrvåg legesenter ønskjer ein fastlegeheimel til:

Vil avlaste Eggesbønes

Herøy kommune slit med legesituasjonen på Eggesbønes. No tilbyr Myrvåg legesenter seg å hjelpe til.

tilbyr hjelp: Håvard Ramsli og dei tre andre fastlegane i Myrvåg ønskjer å hjelpe til med å lette på trykket ved Herøy legesenter på Eggesbønes. Men då treng dei ein femte fastlegeheimel ved Myrvåg legesenter. Foto: Herøy kommune. 

Nyhende

Legesituasjonen i Herøy har dei seinare åra vore ustabil og lite forutseieleg for pasientar og brukarar. Myrvåg legesenter kan bidra til meir stabilitet og vere med å lette trykket frå Herøy legesenter.