Misnøye med framgangsmåte og planlagt resultat:

Sandsøya protesterer

Grendelag, FAU, næringslag og Sviut protesterer alle på den føreslegne «innbaka» skulenedlegginga i framlegget til Sande-budsjett.

Sandsøy oppvekstsenter: Bygdefolk, næringsliv og prosjektgrupper meiner Sande kommune verken kan eller bør legge ned skulen slik budsjettet etter deira meiningar legg føringar for. 

Nyhende

Det kjem fram av ei rekkje uttalar som er sende til kommunen siste dagane, innspel som også er sende til lokalavisa.