Stadfestar prikktildeling til Spar

Fylkesmannen har stadfesta kommunen sitt vedtak om å tildele Spar Fosnavåg prikkar for brot på alkohollova.

PRIKKAR: Fylkesmannen har stadfesta tildeling av to prikkar til Spar Fosnavåg etter brot på alkohollova. 

Nyhende

Fylkesmannen fekk prikktildelinga til endeleg avgjerd etter at Spar Fosnavåg hadde klaga på kommunen sitt vedtak om to prikkar til butikken. Tildelinga blei gjort som ein reaksjon på at butikken ikkje hadde innlevert omsetningsoppgåver for alkohol innan fristen.