Havyard:

Ferdigstiller alle skipa

Havyard Group har fått i stand ein avtale med reiarar og kreditorar som skal sikre at alle skip under bygging ved deira verft i Leirvik vert ferdige og overleverte.

Taper på alt: Alle prosjekt som er under ferdigstilling ved Havyard-verftet i Leirvik går med tap. FOTO: DAVID ZADIG  Foto: David Zadig

Nyhende

Det opplyser selskapet i ei børsmelding tysdag morgon.


Pengane held fram å renne ut for Havyard:

Taper på alt i Leirvik - Havyard-aksjane stuper

Pengane held fram å renne ut i Havyard, og no har verftsselskapet i Leirvik gått tom for eigenkapital. Og på børsen stuper Havyard-kursen til nye botn-nivå.


Fjord 1, som har fem ferjer under bygging ved Havyard Ship Technology sitt verft, kan også opplyse om at ein avtale er på plass.


Geir Johan Bakke går av som Havyard-sjef

Geir Johan Bakke går av som toppsjef i Havyard Group, opplyser selskapet i ei børsmelding måndag. Inntil vidare tek Gunnar Larsen over.


– Fartøya vil bli levert i løpet av dei fire første månadane i 2020. Leveringa vil ikkje påverke oppstart av nye kontraktar frå 01. januar 2020. Det er avtalt innleige av fartøy i mellomperioden, skriv selskapet.

I tillegg til Fjord 1-ferjene omfattar avtalen brønnbåten Ronja Storm til Sølvtrans og ein pelagisk trålar til French Pélagique.