Vi tek fram Per Sandanger sine ord

I dag startar vi ei ny spalte på Allmenningen-sidene i Vestlandsnytt.

Per Sandanger 

Nyhende

Ny og ny. For meir enn tjue år sidan hadde vi spalta «Gamle ord og uttrykk», der Per Sandanger (1924 – 2013) bidrog med ei ladning med gamle ord ein gong i veka. Spalta vart raskt veldig populær, og nokre år seinare gav Sandanger ut fleire bøker, basert på det «gamle» språket i bygdene.

Den tidlegare trygdesjefen i Sande, som var veldig oppteken av historie – røtene våre –, fekk i si tid også kulturprisen i Sande.

Orda frå «Per sin arv» vil stå på trykk fredagar, og spalta har namnet «Ord frå ei anna tid». Vi håpar dette nye bidraget fell i smak. Kom gjerne med tilbakemeldingar. (T.h.eit bilde av Sandanger teke i 2010)


Ord frå ei anna tid

Vi presenterer smakebitar frå ordsamlingane etter Per Sandanger (1924 – 2013). Den tidlegare trygdesjefen i Sande hadde ei populær spalte i Vestlandsnytt; «Gamle ord og uttrykk», på 90-talet. Seinare gav han ut fleire ordsamlingar i bokform. Har lesarane innspel eller kommentarar til «Ord frå ei anna tid», set vi pris på det. Bruk då e-postadressa redaksjon@vestlandsnytt.no.