Bygg og anlegg-elevane i Herøy er klare i talen om kuttprosessen:

– Meir slitsamt for elevane

Tiandeklassingar frå regionen har denne veka hospitert på ulike vidaregåande skular. Også bygg og anlegg-linja i Herøy vart besøkt av interesserte elvar, sjølv om det no er kniven på strupa for dette lokale utdanningstilbodet.

Hospiterte: Denne veka hospiterte 20 elevar ved på utdanningstilbodet som etter mykje å døme vert lagt ned.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Det er trist å sjå at dei no vil kutte i eit tilbod som har fulle klasser.

Joakim Eiksund (lærar for VG1 bygg og anlegg)
Nyhende

Heile denne veka har Herøy vidaregåande, som fleire vidaregåande skular i fylket, tatt imot tiandeklassingar til hospiteringsveke. Her har neste års VG1-elevar fått teste ut ulike utdanningstilbod som dei har interesse av å gå vidare på i sitt utdanningsforløp. For Herøy gjaldt dette alle utdanningstilbod på skulen, også bygg og anlegg, trass i at timeglaset no ser ut til å ha rent ut for tilbodet. Skuleleiinga bestemte seg for å køyre løpet som vanleg, uavhengig av dei politiske prosessane som no går føre seg i Molde. I alt 20 elevar var innom snikkarhallen for å erfare dette tilbodet i løpet av veka.

– Veldig dumt

Vestlandsnytt vitja bygg og anleggselevane og hospitantane deira torsdag, og her var det ikkje vanskeleg å få elevane i tale om at bygg og anlegg no er føreslått lagt ned.

– Vi synest dette veldig dumt. Det at dei vil legg ned så mange linjer i fylket, og spesielt kutta innan byggfag høyrest ikkje bra ut. Det vil innebere lange reiseavstandar for dei som ønskjer å studere bygg noko eg trur vil påverke elevtala negativt.

Det seier kvalsvikaren Kristen Fidel Dukefoss (17), som er VG1 elev ved linja. Han får støtte av, medelev Camilla Torvholm Frøystad (17) frå Moltustranda.

– Veldig dumt: Både Camilla Torvholm Frøystad (17) og Kristen Fidel Dukefoss (17) trivst godt som VG1-elevar ved bygg og anlegg-linja på Herøy VGS. Dei likar dårleg det som no er i ferd med å skje med linja deira. Camilla fryktar mellom anna at elevar, som vil måtte kome til å pendle, vil få ein endå tyngre og utmattande skulekvardagdag.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Eg trivast så godt med byggfag at eg nok hadde vore villig til å pendle lengre avstandar, men det er på ingen måte føretrekke. Det ville føre med mykje stress med slitsam pendling, seier Torvholm Frøystad.

Ho peiker også på at ein kvardag på bygg og anlegg allereie kan vere slitsam nok som den er med fysisk arbeid. Då hjelp det ikkje akkurat at skulevegen blir lengre, understrekar ho.

Begge dei to VG1-elevane er klare på at dei helst ser at linja består. Dei trivast godt på skulen og meiner at dei som kjem etter dei bør få same moglegheita til å gå bygg og anlegg i Herøy som dei har. Dei er ikkje bekymra for at dei sjølv skulle måtte kome til å pendle, då dei har fått lovnader om at dei vil kunne fullføre skulegangen i kommunen.

Joakim Eiksund: Lærar Eiksund er redd for at fleire vel vekk byggfag på grunn av pendling.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Trist

Ein annan som ser trist på kuttframlegga er ein av lærarane deira, Joakim Eiksund.

– Det er trist å sjå at dei no vil kutte i eit tilbod som har fulle klasser. Mitt inntrykk er at bransjen treng lærlingar og det vi ser no ein reduksjon i utdanningstilbodet, seier Eiksund.

Trur endringar framleis kan skje: Trur endringar framleis kan skje: Fungerande rektor Ester Sørdal Klungre trur enno det kan bli gjort endringar før siste ord er sagt i saka på fylkestinget i desember.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Siste ord er ikkje sagt

Til slutt fekk vi også høyre fungerande rektor Ester Sørdal Klungre kome med si vurdering av situasjonen slik ho ser den.

– Saka ligg no i henda til politikarane. Det er dei som avgjer dette. Eg er ganske sikker på at det kjem til å kome endringar i forhold til fylkesutdanningssjefen si liste i «Omstilling 2020».

Om dette kan ha noko å bety for Herøy er derimot vanskeleg å seie, meiner Sørdal Klungre. Men ho håpar politikarane ser på vedtaket som var gjort i 2014 om strukturen på Søre Sunnmøre.

– Siste ord er ikkje sagt før fylkestinget i desember.

Fylkesutvalet skal behandle saka 26. november. Fylkestinget avgjer 9. – 11. desember framtida til ei rekke utdanningstilbod i Møre og Romsdal.