Kvamsøy IL med omfattande turvegprosjekt - 1,6 kilometer

På Kvamsøya vert det no planlagt ein 1.600 meter lang turveg til fjells.

Turveg: Den svarte linja syner den nye turvegen opp til Myravatnet på Kvamsøya. 

Nyhende

Turvegen er planlagt i tre meters breidde, frå området ved stadion og opp til Myravatnet. I fylgje søknaden frå Kvamsøy IL startar ein på kote 80 og endar 235 meter over havet.