Sande kommune med brukarundersøkingar blant i helse- og omsorgssektoren – god utvikling sidan 2014:

Kva meiner brukarane om tenestene?

Kva meiner brukarane om heimesjukepleia og den praktiske hjelpa dei får i heimen? Og kor fornøgde er eigentleg dei som bur på Sandetun?

Nøg­de: Alt i alt er hel­se- og om­sorgs­sjef Bård Da­len og leiar for hel­se og om­sorg Kari Jo­han­ne Skar­myr godt nøg­de med ut­vik­lin­ga sek­to­ren har hatt sidan før­re un­der­sø­king i 2014.  Foto: Josefine Spiro

Underhaldningstilboda har blitt mykje betre

Kari Johanne Skarmyr
Nyhende

Det ville helse- og omsorgssektoren i Sande kommune finne ut av. Difor engasjerte dei Ambio Helse til å utføre to omfattande undersøkingar i juni 2019. Den eine var intervjubasert og tok føre seg brukartilfredsheita mellom bebuarane på Sandetun omsorgssenter. Den andre vart utført ved hjelp av spørjeskjema som gjekk ut til heimebuande med tenester frå heimesjukepleia og/heller praktisk bistand (heimehjelp).