Ikkje kommunen som skal utbetre

Sjølv om området mellom nausta på Kvalsund er kommunal grunn, gjer kommunen ikkje utbetringar eller vedlikehald på dette området.

MANGLANDE UTBETRING: Ein av nausteigarane på Kvalsund har etterlyst vedlikehald av området mellom to naust. Kommunen vil ikkje ta jobben.  

Nyhende

Området er ikkje av interesse for andre enn nausteigarane, og dei må sjølve stå for nødvendige utbetringar slik nausteigarane på Leine har gjort. Dette svarar kommunen til ein av nausteigarane på Kvalsund som har etterlyst vedlikehald av området.