VG2 restaurant- og matfag gjer seg klare for semifinale i Tine Matcup:

– Vi har utvikla oss veldig mykje sidan dag ein

Fredag 22. november skal to lag frå Herøy vidaregåande skule konkurrere i semifinalen i Tine Matcup. I år er det slottsmiddag som er tema. Er dei klare?

Del­tek i Tine Mat­cup: VG2-ele­va­ne ved restaurant- og mat­fag på Her­øy VGS er kla­re for se­mi­fi­na­le i Tine Mat­cup den 22. november. F.v.: Sebastian Vi­dar Ar­ne­sen, In­ge­borg Ama­lie Flå­ten Markussen, Jenny Ne­rem Rei­te, Lo­rentz Da­le­hamn Rø­ren, Fri­da Johansen Dyr­vik, Si­vert Gjerde Vold­sund og Karl Johan Kop­per­stad Gjerde.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

No har vi snart full kontroll på det vi skal gjere.

Frida Johansen Dyrvik og Jenny Nerem Reite.
Nyhende

– God dag, mitt namn er Sivert. I dag skal eg vere dykkar servitør.

Sivert Gjerde Voldsund helsar oss inn i restaurant-lokala på Herøy Vidaregåande skule. Bordet er dekka til det som lovar å verte ei smakfull og hyggeleg oppleving. Her har det vore lagt ned ein innsats. Ved fatet ligg ein faldar med det som tilsynelatande er ein omfattande meny, men vi rekk ikkje å sjå på han før servitøren kjem oss i forkjøpet og introduserer aperitiffen. Den er frisk, syrleg og søt, nærare bestemt ein juice ….

– Nei, du må ikkje avsløre rettane. Vi kan no ikkje la konkurrentane få vite slagplanen vår, smiler lærar Ingebjørg Lyster, og ber oss pent rette kameralinsa mot eleven og gjestane i staden.

Greitt nok, vi skal ikkje gi konkurrentane eit konkurransefortrinn. VG2-elevane ved restaurant- og matfag på Herøy VGS er nemleg med i ei landsomfattande konkurranse, Tine Matcup. Dei har allereie tatt seg til semifinalen som går av stabelen om nokre veker, men før det skal matrettane perfeksjonerast, og då må det smakast. Derfor er vi no fleire spente gjestar som ventar på å smake hovudretten.

Hek­tisk: På kjø­ke­net er det hek­tisk når ele­va­ne job­bar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Slottsmiddag

Utan å røpe korleis elevane har valt å løyse oppgåvene, kan vi seie litt om utfordringane som ventar dei i konkurransen. På førehand har dei fått ei liste av råvarer dei kan bruke, også med klare retningslinjer for kva for råvarer som må brukast. Som ein appetittvekkjar skal dei lage ein laktosefri, vegetariansk rett med vaffel eller svele som ikkje er søt. Hovudretten skal innehalde lam mørbrad som hovudråvare og ha minst to omarbeidde grønsakgarnityrer og saus. Den eine grønsaksgarnityren skal vere puré, og retten skal elles innehalde TINE yoghurt naturell og Østavind (kvardagsost).

Til slutt skal elevane stelle i stand ein dessert beståande av eple, Chevre (ost), fruktjuice og bringebær.

– Så, korleis smaker dette då, spør vi gjestane som sit rundt oss ved bordet, etter å ha konsumert elevane sine kunstneriske rettar.

Damene har allereie gjort seg opp ei meining.

– Elevane er kjempeflinke og dei imponerer meg, seier dagleg leiar på opplæringskontoret på søre sunnmøre, Anne Mari Pilskog. Ho er sjølv utdanna kokk, så ho er ingen ukritisk matelskar akkurat.

– Dei har vore veldig kreative og serverar flotte rettar med fargesamansetting, utforming og smak, held ho fram.

Gjes­ta­ne: Gjes­ta­ne som fekk prø­ve­sma­ke kon­kur­ran­se­ret­ta­ne til ele­va­ne på ons­dag var ful­le av lov­ord om det kok­ka­ne le­ver­te.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Imponert er også servitør Linda Dalehamn og assistentlærar Hilde Håheim.

– Dei imponerer oss i korleis dei brukar råvarene og får fram alle smakane trass mange element på fatet. Der er ein veldig fin symmetri i alt, kommenterer dei.

Slotts­tema: Når tem­aet er slotts­mid­dag, kan ik­kje bord­dek­kin­ga vere noko anna enn «heilt kon­ge».  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

– Har vore litt banning og surmuling

Etter ein velsmakande smakebit på konkurransemenyen til det eine elevlaget, tek vi oss ein tur bak på kjøkenet. Her er stemninga litt meir kaotisk.

– Ja, her på kjøkenet har det vore litt banning og surmuling. Men alt har vore verd det til slutt, seier Sivert Gjerde Voldsund om prosessen med å utvikle det som no er deira konkurransebidrag.

Saman med Frida Johansen Dyrvik og Jenny Nerem Reite, utgjer han eit av dei to laga som skal delta. Dei har sjølv utvikla menyen, med rettleiing frå lærarane.

Ins­pek­sjon: In­ge­bjørg Lys­ter ins­pi­se­rer ele­va­ne sine ret­tar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Før vi rekk og stille neste spørsmål til dei to kokkane på laget, avbryt lærar Lyster samtalen for å komplimentere Dyrvik for desserten. Ho ser nærmast litt rørt ut av smaken.

– Du har ofra nokre tårer for denne, men det var det vert, skryter ho.

Dyrvik smiler og takkar. Saman med Nerem summerar dei opp korleis læringsutbytte har vore av konkurransedeltakinga så langt.

– Vi har utvikla oss veldig mykje frå dag ein. No har vi snart full kontroll på det vi skal gjere, seier dei to kokkane.

Dei har no laga matrettane 5–6 gongar. Med andre ord, dei byrjar å sitte. Så, for å svare på spørsmålet innleiingsvis: Er dei klare? Utvilsamt. Det kan vi skrive under på.

Ser­vi­tø­ren: Si­vert Gjerde Vold­sund er ein flink ser­vi­tør som veit å få ma­ten til å lig­ge kunst­ne­risk på tal­ler­ke­nen.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik