Saknar framdrift i sak om hall-betaling

Dag Vaagen (H) meiner den endelege finansiseringa av fleirbrukshallen på Larsnes snarast må få eit punktum.

Sande kommunestyre: Vi ser f.v. ordførar Olav Myklebust (Sp), varaordførar Einar Ekroll (Frp), Dag Vaagen (H) og Elisabeth Kirkholm (H).  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Vaagen tok opp saka i Sande kommunestyre sist tysdag. Der innleia han med at det er positivt at kontrollutvalet har gripe tak i saka, men han meiner det er litt passivt å vente til 30. juni 2020 på å sluttføre saka, slik kontrollutvalet gav beskjed om.