Victor (11) «varsla» om perverse Yolo-tilnærmingar - så tok pappa affære

Pappa Tor slo alarm då han oppdaga kva sonen Victor var utsett for i appen Yolo.
Nyhende

– På eit vis var det Victor sjølv som tok affære, etter ha lagt ut på Snapchat kva slags tilnærmingar han hadde fått gjennom appen. Han svarte også godt for seg på meldingane som kom frå ein anonym person, seier Tor Voldsund.

Grove tilnærmingar

Vi møter han og sonen Victor Andersen Voldsund. Nyleg vart 11-åringen utsett for svært grove tilnærmingar, av seksuell karakter, gjennom den omstridde appen Yolo.

Foreldra har sagt ja til at sonen kan bli med på intervjuet. Victor forklarar sjølv:

– Andre sa det var artig

– Yolo er ein eigen app som kan nyttast via Snapchat. Han fungerer slik at folk kan sende meldingar anonymt til den som tek imot dei. Eg lasta ned appen fordi nokon andre sa at det kunne vere artig å få kommentarar frå ukjende.

I dag har både Victor og den eldre systera sletta Yolo frå den digitale verda. Bakgrunnen er dei grove ytringane og oppmodingane 11-åringen vart utsett for nyleg.

– Eg delte eit skjermbilde frå Yolo på Snapchat slik at andre kunne sjå kva som hadde skjedd, forklarar 11-åringen.

Foreldra vart altså ikkje kontakta direkte om dei perverse tilnærmingane sonen hadde blitt utsett for, men det klandrar ikkje pappa guten for.

YOLO-sjokk: Appen Yolo, som kan nyttast via Snapchat, gav både Victor og pappa Tor eit lite sjokk. – Håpet må vere at så mange som mogleg får opp augo for kva som kan skje på sosiale medium og tilhøyrande appar, seier Tor Voldsund. 

Første reaksjon: Raseri

– Tvert imot synest eg det var fint at han la det ut. Sjølv var eg på sjøen då dette kom fram på Snapchat. Andre gjorde meg merksam på det Victor hadde blitt utsett for. Min første reaksjon var sinne, og ... faktisk raseri over at slike moglegheiter finst, og at ungar kan bli råka slik. Slikt skal ikkje ein 11-åring bli utsett for, seier Tor.

Han og mor til Victor reagerte raskt, og fekk sletta appen.

– Å bruke appar der folk kan opptre anonymt mot born, er eigentleg det same som å opne for nettbasert mobbing.

Victor sjølv seier han har hatt Yolo eit halvt års tid. Slike obskøne og ekle spørsmål og kommentarar som han fekk denne gongen, har han ikkje fått før, forsikrar han. Men:

– Litt rare meldingar har det vore, seier sjetteklassingen.

Victor fortel elles at det går an å sende bilde, også det anonymt, gjennom appen.

Pappa-innlegg på nett

Pappa Tor la ut på Facebook skjermbilde av chatten Victor var ein del av, der han samstundes kommenterte og oppmoda andre foreldre om å ta affære om dei oppdagar at borna eller ungdomane brukar slike appar.

Facebook-innlegget vart delt av mange, og fleire oppmoda Tor til å melde saka til politiet.

Opplysing og åtvaring

– Eg har vurdert både å melde saka til politiet og å prøve å kontakte utviklarane av appen, men det kjem eg mest sannsynleg ingen veg med. Men opplysing og åtvaring er viktig. Mange av kommentarane i etterkant fortel elles om foreldre som er sjokkerte og nærast er vantru over at slikt går an. Personleg visste eg heller ikkje at borna brukte ein slik app, og eg visste heller ikkje korleis han i praksis kunne fungere, seier Tor Voldsund til Vestlandsnytt.

Victor sjølv seier at Yolo ikkje er noko særskilt tema i venneflokken. Heller ikkje kan han hugse at skulen har informert elevane noko særleg om farane som ligg i sosiale media.

Like etter at saka om Victor vart kjend i lokalmiljøet gjennom faren sitt innlegg, var elles Herøy kommune ute på nett og i media med informasjon om – og åtvaringar mot – appar av typen Yolo.


Fritt ord:

"Blir barnet ditt mobba eller trakassert på nett?"

Då kan det vere at dei har lasta YOLO-appen på telefonen sin. YOLO er eit tillegg til snapchat der du loggar deg inn med din snapchat konto. (Innlegg)


I dag veit Victor at avsendaren av «grisemeldingane» han fekk, like gjerne kan vere ein seksualforbrytar, som ein ungdom som innbiller seg at dette berre er uskuldig moro.

Kan få trasige følgjer

– Det er noko av det skumle med slike saker. Ein veit aldri kan som står bak slikt. Det kan få trasige følgjer, noko det dessverre har vore fleire døme på, seier Tor Voldsund.

– Noko av årsaka til at eg engasjerer meg i denne saka, er å få også dei som står bak mobbing og det som verre er, blir stoppa. Her har foreldre og føresette eit ansvar. Mitt råd er å følgje med på kva dei unge styrer med. For meg har i alle fall dette blitt ein alvorleg tankevekkar. Elles finst det dessverre eit mylder av ulike appar der ute, der folk opptrer anonymt. Dette gjeld altså ikkje berre Yolo, men også andre appar, og det dukkar stadig opp nye, avsluttar Tor Voldsund.