Branntilløp på Brevikneset

Natt til Laurdag, 00.42, melde brannvesenet og politiet om eit branntilløp i ein einebustad på Brevikneset. Brannen skal ha blitt sløkt av bebuarane sjølv, og brannvesenet tok så kontroll over situasjonen. Det skal vere meldt om lite skade, men noko røyk. Ei kvinne i 50-åra blei også sendt på legevakta etter å ha inhalert røyk.
Nyhende

Tidlegare på kvelden måtte brannvesenet også rykke ut til Larsnes der matlaging utløyste ein brannalarm. Her var det elles lite dramatikk.