TV-aksjonen 2019:

Meld deg som bøsseberar i Herøy

Årets TV-Aksjon skal skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område.

TV-ak­sjo­nen: Plan­leg­ging av TV-ak­sjo­nen søn­dag 20. ok­to­ber.  Foto: Odd Magne Kvalsund

Nyhende

Saman gir vi 400.000 kvinner moglegheita til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrd. «No er det hennar tur».

Onsdag møttest dei fleste av rodeleiarane i Herøy til litt informasjon om denne viktige saka. Og vi er no klare til å ta imot alle de som ynskjer å hjelpe til med bøssebering på sjølve aksjonsdagen 20. oktober.

Sparebanken Møre stiller igjen som tellebank, noko vi er svært takksame for.

Dersom du ynskjer å melde deg som bøsseberar, kan du gjere det direkte til rodeleiaren i di rode eller ved å fylle ut eit skjema på blimed.no.

Bergsøy: Olaug Andreassen og Therese Haugen. Nerlandsøy : Sølvi Kvalsund Brendmo. Kvalsv ik: Ingvill Sævik Bjørneset. Leikong og Jøsok: Sara Janne Nybø. Myrvåg : Petter Myrvågnes. Tjørvåg : Guro Kvalsund Aksnes. Moltustranda: Idar Tarberg. Remøy : Marit Sævik Leinebø. Bø og Sande : Silje Gjelseth Vågsholm. Frøystad : June Pettersen. Runde : Kaja Runde. Leine og Voldsund : Linn-Therese Sævik.

Vi heiar mykje på alle skular og barnehagar som er med på aktivitetar for å samle inn pengar til saka. De er kjempeflinke!

Blir du også med på verdas største dugnad?