Demonstrasjon på Runde mot landnær vindpark

Tysdag 9. oktober vert det vardebrenning på Runde – mot vindkraft.

Marie Runde: Aktiv i kampen mot vindkraft til lands og til sjøs.   Foto: Privat

Nyhende

– Vi skal arrangere vardebrenning som ein generell demonstrasjon mot vindkraft. Men no gjeld det også ein annan trussel; nemleg Havsul-prosjektet til sjøs, berre femti kilometer frå Runde. Dette er midt i matfatet både for fugl og fisk, seier Marie Runde i ein kommentar til aksjonen.

Vardebrenninga står ho og sambygding Kjetil Olsen bak.

– Det gjeld matfatet til sjøfuglen og i tillegg ei viktig rute for trekkfugl. Vi vil vise vår motstand mot desse kommersielle planane gjennom denne aksjonen. Vi håpar det kjem mykje folk frå heile distriktet, seier Marie Runde til Vestlandsnytt.

– Over heile landet vert det no bygd ut vindmølleparkar. Desse endrar store naturområde til industriområde, dei er til skade for fugl, dyr og insekt, dei forureinar med mikroplast (...). Vindmøllene vert bygde både til lands og til havs,heiter det mellom anna frå initiativtakarane.

Turen startar frå Trepet tysdag klokka 17.30, ved brua, og går til høgste toppen. Ta med nokre vedkubbar, lyder oppmodinga.