Herøy Høgre forsøkte seg med "varaordførar-frieri"

Herøy Høgre forsøkte seg med "varaordførar-frieri" til både Folkelista og Kristeleg Folkeparti etter valet.

HERØY HØGRE: F.v.: Carl-Henrik M. Moltumyr, Tine Storøy og Mona Ryssevik.  Foto: Arkiv/Herøy Høgre

Nyhende

Mange var spente på korleis valet ville gå for Høgre utan Arnulf Goksøyr. Resultatet viser at nedturen vart liten. I prosent går Høgre ned frå 32,7 i 2015 til 29,4 i 2019. Det betyr samstundes at dei mister eitt mandat, og får no 10 representantar i kommunestyret mot 11 i den inneverande perioden.