– Var innstilt på at dette kunne skje

Sitjande ordførar Dag Vaagen hadde veldig lyst til å vere med og utvikle Sande vidare – som ordførar.

Må starte pakkinga: Om ein månads tid er det Olav Myklebust som har teke over ordførarkontoret, etter ein strak 12-årsperiode her for Dag Vaagen.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Men eg var sjølvsagt innstilt på at det var slik det kunne gå. Når det er sagt, seier vi oss veldig godt nøgde med oppslutnaden ved årets kommuneval, der vi igjen er det klart største partiet, seier Vaagen.