Kvalsvik: – No skal eg snu hatten

Folkelista-strategen Bjarne Kvalsvik er tilbake i rolla som varaordførar. No varslar han at vi vil få sjå ei ny side av han dei neste fire åra.

BJARNE KVALSVIK: Tolv år etter at han sist var varaordførar i Herøy, er Folkelista-representanten no klar for å vere ein av ordførar Prytz sine nærmaste hjelparar.   Foto: Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

Sist det var regjeringsskifte i Herøy var for 16 år sidan, i 2003. Då var det Svein Gjelseth og Arbeidarpartiet som måtte pakke sakene sine og flytte ut av rådhuset. Arnulf Goksøyr flytta inn, og gav Bjarne Kvalsvik varaordførarrolla.