Bjørn Prytz: – Sjølvsagt er vi skuffa

Valet 2019 vart ein stort nedtur for Arbeidarpartiet, som gjekk frå 29,5 prosent i 2015 til 20,8 i år. Dermed mistar dei også tre mandat.

BJØRN PRYTZ: Det blei ikkje heilt det valet som den tidlegare skulesjefen og partifellene i Arbeidarpartiet håpa på.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Vi er sjølvsagt skuffa over resultatet. Vi hadde håpa å bli det største pariet i Herøy, men i staden gjekk det andre vegen, seier Prytz til Vestlandsnytt.