Dag Vaagen: Ser etter andre konstellasjonar

Sande-ordførar Dag Vaagen og Høgre er isolert sett valets vinnar i Sande med 36,8 prosent av stemmene. Likevel kan han vere på veg ut av maktens korridorar.

Dag Vaagen (H) Arkivfoto  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

-Eg synest ikkje det er grunn til å vere skuffa over dette resultatet. Vi held dørene opne for samarbeid med fleire parti enn Sande Vest, seier Vaagen etter måndagens kommuneval.