Metizoft med ny rammeavtale: - Ser fram til samarbeidet

Herøybedrifta Metizoft kunne i dag annonsere at dei har inngått ein rammeavtale med offshorereiarlaget Sverre Farstad & Co i Ålesund.

På bildet: Roy Ove Standal (t.v.), Operations Director hos Sverre Farstad & Co og Carl-Henrik Moltumyr, Key Account Manager hos Metizoft.  Foto: Metizoft

Nyhende

- Alle nye avtalar er ting vi set høgt, og det er like kjekt for oss kvar gong. Det er også gledeleg for oss å kunne vere med på laget til Farstad-gjengen som satsar på nytt. Vi ser fram til dette samarbeidet, seier marknadssjef Øyvind Sundgot i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Avtalen som dei to selskapa no har inngått omfattar i første omgang livssykluslysninga IHM (Inventory of Hazardous Materials) og AFD for forsyningsskipet "Farland", der farlege stoff om bord vil bli overvaka.