No vert det oppklaringsmøte i Molde: – Til dels sjokkerande

Sande kommune set no krav om eit snarleg oppklaringsmøte med fylkeskommunen om anbodsdokumenta for Larsnes-sambandet.

Urovekkjande: Både med omsyn til sanntidsavgangar og omtale av materiell, har Sande-ordførar Dag Vaagen mykje å spørje fylkeskommunen. Og som om ikkje det var nok, legg fylkeskommunen i ein opsjon opp til å kutte bandet mellom øyane og Åram heilt.   Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Her finst det nemleg enkelte detaljar som er til dels sjokkerande, seier Sande-ordførar Dag Vaagen.