Stadig meir til havbruk: Viktig nisje for Frøystad

– Fiskeri er klart størst, men for oss er havbruk ei viktig nisje.

BESØK FRÅ ISLAND: Tidlegare sjef for Marine Harvest på Eggesbønes, Ken Schjønningsen, med interesse for Frøystad sine produkt på Aqua-Nor. Schjønningsen jobbar i dag for Arnarlax på Island. T.v. Hallgeir Frøystadvåg og Frank Håkon Garnes t.h.  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Det seier Frank Håkon Garnes, som er salsleiar for Frøystad As si avdeling for maritim og havbruk. Frøystad er fast utstillar og har sin naturlege plass både på fiskerimessa og havbruksmessa.