Det seier styrar Anna Kirsti Skare ved Coop Marked Sandsøy. I desse dagar søkjer Sporstøl Arkikekter rammeløyve for ei større oppgradering med ei tilhøyrande utviding av Coop-bygget på Sandshamn.

– Det er slett ikkje enkelt å få gjennomslag for ei slik utbygging, men vi er takksame for vedtaket om å satse ytterlegare på butikken her ute, seier Skare.

Utbygginga omfattar ein god del bygningsmessig oppgradering i eksisterande bygg. Nytt areal for lager og mottak på nordsida av bygget frigjer meir areal til varer i butikken.

I tillegg vert det også meir plass inne i butikken, der ein eigen kaffikrok skal flyttast til eit opnare areal enn «kaffiromet» som finst i dag. Det er vidare teikna inn to toalett og nytt inngangsparti.

Butikken har gjennom fleire år vore mellom dei beste i Marked-segmentet, og eitt år fekk Coop Marked også prisen for «beste butikk».

Ferdig i november

Eigedomsdirektør Lars Ove Valaas-Breivik i Coop Nordvest SA seier utbygginga er er planlagt ferdig i oktober/november.

– Dette er ein butikk som har blitt altfor liten, og som har vore prega av solid drift i fleire år. Det gler oss å kunne setje igang ei utbygging som vil auke standarden på Coop Marked Sandsøy fleire hakk, seier Valaas-Breivik til Vestlandsnytt.

I tillegg til utviding og ombygging vert det også teke ei ansiktslyfting på det utvendige, der både vindauge og tak blir renovert.

– Vi gler oss til å sjå det endelege resultatet, seier han.