Det syner ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå. Her kjem det fram at folketalet i Herøy gjekk opp med 30 i andre kvartal. Positiv flyttebalanse (pluss 29) utgjer det meste av auken, medan det i andre kvartal var eit fødselsoverskot på 1.

I Sande auka folketalet med fem i andre kvartal. Flyttebalansen enda med pluss 11, men her trekte eit fødselsunderskot på minus 6 litt ned.

Etter første halvår har folketalet i Sande gått ned med 9, medan det har auka med 28 i Herøy.

Ulstein fekk ein nedgang i folketalet på 5 personar i andre kvartal, og ligg likt med folketalet ved årsskiftet. Hareid auka med 4 i andre kvartal og har pluss 3 så langt i år.

Vanylven fekk ein fin auke i folketalet (pluss 10) i andre kvartal, men har så langt i år ein tilbakegang på 7.

Ser ein på fødselstala så langt i år, leiar Ulstein på Ytre Søre med 63, framfor Herøy med 45. I Hareid er 35 fødde i første halvår, medan Vanylven har 12 og Sande 9.

Innom fjorden har Ørsta 75 og Volda 43 nyfødde i første halvår. Folketalet i Ørsta har auka med 72. I Volda har det gått ned med 34 så langt i år.