– Å køyre på hjort er ikkje kriminelt, men det er faktisk ei kriminell handling å køyre på utan å varsle, seier Rovde til Vestlandsnytt.

Det var ein forbipasserande bilist i området ved Dalesletta ovanfor Breivik Kalkverk som oppdaga kalven. Han låg då og kava i grøfta ved fylkesveg 61.

Rovde rykte ut, og fann den skada kalven som mellom anna hadde ein broten fot. Mora stod ved sida av det skadde dyret, som måtte avlivast på staden.

Bjarte Rovde skreiv om saka på Facebook, og det heile fekk mange reaksjonar og delingar.

– Det er bra, for her trengst det tydelegvis kunnskap. Når ein køyrer på ein hjort må ein straks ringe 02800, slik at det kan bli starta søk etter skadde dyr, presiserer Rovde.

– Er det mykje hjort lange vegane?

– Ja, og særskilt på strekninga mellom Årvik og Almestad. Her har det vore fleire påkøyrsler den seinare tida, seier larsnesingen.

Køyrer ein på vilt utan å melde ifrå, kan det vanke store bøter, og i verste fall kan ein også miste førarkortet.