– Eg vert mektig provosert over slike utspel frå statlege etatar, seier Odd Arne Arnesen. Fosnavågaren, som er over middels interessert i natur og friluftsliv, skipa sist fredag Facebook-gruppa «Bevar kystgeita i Norge».

På kort tid fekk gruppa over 1.100 medlemar, med fleire hundre innlegg. Gjennomgangstonen er at Mattilsynet ikkje bør setje i verk tiltak som kan truge dei to kystgeitstammene si framtid. I til dels harde ordelag har mange «slakta» utspelet om merking eller i verste fall avliving av kystgeitene.

Bra med mobilisering

– Eg er glad for og imponert over engasjementet frå folk. På kort tid har massevis av folk lokalt engasjert seg i saka, både lokalt og nasjonalt, seier Arnesen.

Han veit godt at ei Facebook-gruppe i utgangspunktet ikkje er nok til å snu saka. Men som Arnesen seier:

– Aksjonen kan nyttast til å nå ut til folk og mobilisere, og det trengst. Eg er dessverre redd for at det blir nødvendig med demonstrasjonar og kanskje det som verre er, seier Arnesen til Vestlandsnytt.

Han opplyser at det no vert jobba på fleire plan, og med fleire innfallsvinklar, «for å stoppe galskapen», som Arnesen uttrykkjer det.

Herøyværingen meiner det ekstreme forslaget om å destruere kystgeitene, om merking ikkje lukkast, kan samanliknast med miljøkrimininalitet.

Hagla med kommentarar

Då Vestlandsnytt delte fredagens sak på Facebook, kom det ei rekkje kommentarar til saka. Paul Karsten Goksøyr skriv fylgjande:

– Heng ikkje på greip! Totalt skivebom av Mattilsynet. Geitene må få leve og takast vare på. Omplassering av nokre til andre ubebudde øyar og kan hende sette ut nokre nye slik att ein får genetisk tilskot.

Mattilsynet snur?

I løpet av helga fekk Vestlandsnytt signal om at Mattilsynet jobbar med å få på plass ei «eiga løysing» for kystgeitene på Sandsøya og Skorpa. Det er i så fall i tråd med ønskjet frå Mattilsynet på Sunnmøre, som har jobba for at det kan bli ei særordning for desse geitene.