Slik skildrar Roar Aasen stemninga etter dei to fyrste vekene med mottak av dorgemakrell ved Fosnavåg Pelagic. Med fangstane som blei leverte på fredag nærma mottaket seg hundre tonn på dei to fyrste veke. I tillegg er det teke imot ein del låsmakrell.

– Starten i år har dermed vore fleire hundre prosent betre enn i fjor, seier Aasen, og er spent med tanke på framhaldet av fiskeriet.

Bra å sjå, men dårleg bit

I fjor var det nesten ikkje fisk å sjå på denne tida, og ikkje seinare heller. I år fortel dorgarane at dei ser ein god del, men at det er berre i korte periodar makrellen vil bite. Den dei har fått er stort sett fin makrell på 360-400 gram i snitt.

– Fiskarane fortel at det dei kjem inn med har dei fått i løpet av ein time eller to. Og det med bitet håper vi kan rette seg, seier Aasen.

Ekstra stor spenning

Etter den katastrofale sesongen makrelldorgarane opplevde i fjor har spenninga vore ekstra stor framfor årets sesong. I fjor var det knapt nokon som kom i nærleiken av det dei har kvote til å fiske, og trua på at det i alle fall ikkje kunne bli dårlegare har halde motet oppe.

– Eigentleg har starten i år vore bra også historisk sett, seier Aasen og viser til at det sjeldan har vore noko fres i fiskeriet før etter 20. august.

Frå siste veka i august har det teke seg gradvis opp både med deltaking og fangsting. Det same håper Aasen skal skje i år også.

– Eg torer enda ikkje å ha for store forhåpningar, men samanlikna med starten i i fjor er det i alle fall eit stort steg i rett retning. Og så får vi håpe at det held fram, seier han.

Opp til fem tonn

Aasen fortel at fangstane har variert frå nokre hundre kilo til opp i fem tonn på båten for dei 10-12 båtane som er komne i gang med dorginga til no. Han forventar at fleire vil slutte seg til etter kvart, og om dei positive tendensane held fram trur han at også ein del framande båtar vil leite seg opp nå det lir litt på.

– Vi veit at det ligg makrelldorgarar både lenger nord og lenger sør og ventar på at det skal brake laust her hos oss, seier ein optimistisk dagleg leiar ved makrellmotaket i Fosnavåg.