Mathias B. Gjerde, som representerer Sande Senterparti i denne samanhengen, har sett seg inn i anbodsdokumentasjonen.

Maksimalt to vogntog

– Særskilt er det to punkt som vert utfordrande og gjere kvardagen tøffare ikkje minst for næringslivet, påpeikar Gjerde.

Gjerde peikar på at overgangsfartøyet som skal trafikere sambandet i 2022, 2023 og 2024 ikkje har krav til meir enn to vogntog.

– Men det er spesifisert eitt vogntog på 52 tonn og eitt på 25 tonn. I realiteten dreier det seg med andre ord om eitt og eit halvt vogntog. Kvam har ei vektavgrensing på 210 tonn, så her har dette aldri vore eit problem, seier Gjerde.

Overgangsfartøyet vil i fylgje anbodsdokumenta ha ei avgrensing på 100 tonn.

– Dette vil bety at ein må avvise bil ved stor trafikk og vogntog med last, oppsummerer Gjerde.

– Når det gjeld 100 tonn på overgangsfartøyet er dette ikkje definert i anbodspapira. Men det gir seg sjølv ved eit tilfelle der en får ombord eit vogntog på om lag 52 tonn, eit på 25 tonn og dei 14-15 bilane ein då ytterlegare får plass til. Det vil i realiteten berre gi krav om eit fartøy med makslast på om lag 100 tonn, seier han, og legg til:

– Det er krav til to vogntog for overgangsfartøyet men fire for hovedfartøyet. Det er uheldig at ein ikkje har like store krav til vogntogkapasiteten gjennom heile anbodet.

Kan ikkje vente ....

Eit anna punkt vil også kunne gjere kvardagen meir vanskeleg, både for privatfolk og næringsliv. Det dreier seg om nye og spissa krav til punktlegheit.

– Det ligg inne krav til punktlegheit og sanksjonar ved brot på dette. Avtalepunktet om sanntid har sett opp maksimum tre minutts ventetid på korresponderande buss. Elles skal ein gå utelukkende på klokkeslett, seier Gjerde til Vestlandsnytt.

På dette sambandet er det som kjent to timars venting mellom kvar avgang. Det at ferja ikkje kan vente eller vere fleksibel til dømes ved transportar frå Brimer på Kvamsøya og Sandefisk på Sandsøya vil ikkje bli godt motteke, i eit lokalsamfunn der ein til tider er avhengige av fleksibilitet frå operatøren si side, noko som også har vore praktisert i ei årrekkje.

Gjerde legg til at det også er lagt inn 15 minutts reisetid Larsnes - Kvamsøya. Det er truleg ein feil, men Gjerde meiner dette høyrer med i bildet på moment som bør påpeikast.

Kritisk til prosessen

Eit anna punkt han stiller seg svært undrande til, er sjølve prosessen.

– Fylkeskommunen opererer med svært korte fristar. Papira har også vore ute i sommarferien, og det har heller ikkje vore ute til høyring mellom brukarar og potensielle tilbydarar. Det framstår som litt underleg, og kan vere skadeleg for saka. Som eg har påpeika, finst her konsekvensar som i alle fall for Larsnes-sambandet, og for næringslivet på øyane, kan verke distriktsfiendtleg, seier Gjerde.

Kva med kaiene?

Endå eit spørsmål han stiller, er om prosessen med å ha eit eige anbod for treårsperioden som startar i 2022, for Larsnes-sambandet kan vere litt spekulativ:

– Det gjeld ferjekaiene. Her er tilstanden til dels kritisk, noko også ein rapport frå vegvesenet stadfestar. Eg, og fleire med meg, har vore under ferjekaia på Voksa og sett kor elendlig tilstanden er. Eg torer nesten ikkje å tenkje på kva følgjene vert med ein kollaps av ferjekaia på Voksa, avsluttar han.