– Vi er utruleg glade for velviljen frå kystlaget og ja-mentaliteten her i Fosnavåg. Det var ikkje berre-berre å skulle finne slipp som kunne huse oss under vedlikehaldsarbeidet. Men no er vi her, og det er vi svært takksame for.

Det seier Hildur Lid Hole, leiar for stiftinga «Embla ro for fred», då vi møter ho og fleire av mannskapet i loftslokala til Herøy Kystlag i Nørvågen. Dei er akkurat i ferd med å avslutte dagens lunsj, og praten ligg laust i lufta. Damene flirer og spøker seg i mellom. Det går heller ikkje lange tida før dame mimrar fram historier frå deira ekskursjonar opp gjennom åra. Fredsorganisasjonen er nemleg 25 år i år, og med det har eventyra vore mange. Ideen om å bruke eit vikingskip i fredens teneste har sett spor etter seg, både i inn- og utland.

– Vi er eigentleg meir kjent i utlandet enn vi er lokalt. Det blir som oftast nokre medieoppslag når syngjande, norske kvinner ikledd vikingkostyme, kjem roande i eit vikingskip, seier ei smilande Brit Aanning Aarseth.

– Så det blir ein del synging når de ror?

– Ja, vi liker å synge og det er eit av våre verkemiddel i fredsarbeidet vi driv med, svarar Marianne Herje, mens ho kikar stadfestande på resten av gjengen. Ho rettar ut handa sine til venninnene i sofaen, og snart har dei danna ein ring.

Resten av svaret til damene kjem i form av samstemt allsong for lokalavisa.

«Embla den vakre skuta vår, gjev oss fred der ferda går.»

Slik lyder ei strofe frå refrenget i Emblasongen, skrive og komponert av Hjørdis Sævik.

Mykje arbeid

Etter lunsjpausen med tilhøyrande minikonsert er det tilbake til arbeidet og grunnen for vår visitt, det 10,5 meter lange vikingskipet som ligg under tak i dei nedre etasjane.

– Du må tru bilistane var store i augo då vi kom køyrande med denne båten på slep, seier Hole, når synet av Jakob Helset sitt praktfulle byggverk møter oss.

Det skal seiast at båten er noko nedstrippa for augneblinken, men ein ser framleis godt at båtbyggjaren har hatt auge for detaljar.

– Her kjem skuta til å ligge i tida framover medan vedlikehalds arbeidet går føre seg. Og vi er allereie godt i gang, smiler stiftingsleiaren, før ho går i gang med å ramse opp alt som skal gjerast.

Det fyrste som skal gjerast er ein total nedvask av skipet, der alt av gammal olje skal vekk.

– Du må ikkje ta på noko av treverket utan hanskar, åtvarar ho.

– Vi vaskar med lut, der ein av ingrediensane er kaustisk soda, og derfor må vi ha verneutstyr når vi held på. Vi har også klar eddik til å kunne nøytralisere det om vi skulle få det på huda, forklarar ho.

Men reint blir det. Det kan sjåast på nokre av dekksplankane som allereie er skikkeleg reingjorde.

– Når vi etter kvart har fått alt reint, og den gamle oljen er vaska vekk skal den vølast på nytt. Det trengst nok fleire strøk med olje for å mette treverket i denne båten, spår Hole, som trur dei kjem til å vere i sving på Slippen dei neste to månadane.

– Utruleg kjekt

Men sjølv om det er mykje som skal gjerast i tida framover for å stelle i stand Embla til nye ro-tokt, går vedlikehaldsarbeidet med eit smil.

– Vi har det utruleg kjekt i lag og det er veldig sosialt. Vi har blitt 25 år eldre enn då vi starta og vi ønskjer å rekruttere yngre kvinner som vil vere i lag med ein kjekke gjeng damer med interesse for båt og fredsarbeid, gjerne frå Herøy og området rundt, legg Hole til.