– Det var gledeleg stor interesse i år, også frå naboklubbar. Det tolkar vi sjølvsagt slik at behovet er stort for denne type aktivitet. For mange er det også ei fin innleiing på haustsesongen.

Det seier Aadne Sandanger, primus motor for Sparebanken Møre fotballskule, som vert arrangert at Larsnes IL Fotball.

Aktivitet over heile stadion

Den dagen vi vitjar Larsnes stadion er heile bana teken i bruk til ulike typar øvingar, kall det gjerne terping. Unge instruktørar frå lokalområdet har kvar sine grupper jenter og gutar. På eitt område finn vi dei aller yngste, 6- og 7-åringar som syner seg svært ivrige. Her er støynivået høgt, noko som tyder på at mykje energi får utløp.

Og så er grupper heilt opp til 12- og 13-åringar. Dei har andre øvingar – for litt vidarekomne.

– Vi har eit stort apparat med yngre og litt eldre instruktørar i sving her. Tilbakemeldingane så langt er veldig gode. Ikkje minst er eg imponert av dei yngste, som held oppe intensiteten tre timar, tre dagar på rad. Veldig bra, seier Sandanger og skodar utover grasmatta.

Nye og «gamle»

Mange frå Larsnes IL er naturleg nok med, men også frå andre klubbar og kommunar. I år melde ein stor delegasjon frå Gurskøy IL seg på. Ein av førstegongsdeltakarane er Ane Baade Hasund. Leikong-jenta på 11 år var med på sin første fotballskule, saman med fleire av sine lagkameratar.

– Eg spelar på Gurskøy til vanleg. Dette er ein kjekk fotballskule, så eg melder meg gjerne på også neste år, trur Ane i ein prat med lokalavisa.

Saman med ho står Peter Fjørtoft Sandanger. 12-åringen har vore med på kvar einaste fotballskule sidan han var seks år, og er meir som veteran å rekne.

Vitjing frå Hødd

Ane og Peter, saman med dei andre, får også høve til å bli instruerte av vaskeekte Hødd-spelarar. To av dei tre dagane fotballskulen varer, kjem det nemleg vitjing frå spelarar frå Hødd sitt herrelag. Det gir litt ekstra «tyngde» og motivasjon i jobbinga, skriv fleire under på.

Til fotballskulen høyrer også ein pakke med billettar til Hødd-kamp, eigen fotball, T-skjorte og mat. Siste dagen er det litt meir sosialt, mellom anna med grilling.

– Vi opererer under mottoet til Larsnes IL, «glede, fellesskap og respekt». Det trur eg syner att her på matta, kjem det frå ein strålande nøgd «fotballskulerektor», Aadne Sandanger.