Finansieringsbehovet er usikkert, og noko vi må kome tilbake til dersom tilboda avvik frå kalkylane. Det understrekar rådmannen i samband med at han rår formannskapet til å oppfinansiere tilbygget med 35 millionar kroner.

Dei faktiske kostnadene vil bli kjende gjennom tilboda som kommunen i desse dagar ventar på å få inn.

Avklart er det heller ikkje kor vidt Politiet kjem til å gå for kommunen sitt tilbod om å skaffe nye lensmannskontor. Kommunen har difor teke atterhald overfor tilbydarane om at prosjektet berre blir gjennomført dersom Politiets fellesteneste vel å satse på kommunen som tilbydar. Det er venta forhandlingar om tilbodet i slutten av månaden.

Skissa til det nye tilbygget består av to fløyer med kontorareal over fire etasjar, og gangbru til eksisterande rådhus. Fyrste og andre etasje er delvis avsett til politiet sine behov, medan resten av parkerings- og kontorarealet førebels er avsett til kommunen.

Gir ikkje meir parkering

Trass i at prosjektet ikkje fører til auka parkeringskapasitet ved rådhuset, vil han likevel rå politikarane til å gå vidare. Tilbygget legg beslag på alle dagens parkeringsplassar bak rådhuset med unntak av fire.

Til erstatning kjem det 46 ny plassar fordelt på to plan i det nye skisseprosjektet.

Jann Flatval