Hødd-jubileumskamp med lokale stjerner

Sande og Herøy bidreg når det er jubileumskamp på Høddvoll søndag.
Nyhende

I samband med IL Hødd si 100-årsfeiring vert det nemleg invitert til kamp mellom 2012-laget (som vann cupfinalen) og 1995-laget som spelte i toppserien.

Dommar vert Kåre Fjørtoft, og han har med seg veteranbrørne Oddmund Kaldhussæter og Oddbjørn Aam på linjene.

Erik Brakstad er tilbake som manager for 1995-laget. Her finn vi namn som Lars Ivar Moldskred, Tommy Sylte, Geir Sundal, Geir Televik, Kenneth Giske, Andre Skotheim, Ole Bjørn Sundgot og Geir Hasund, for å nemne nokre av dei som sette sitt preg på toppserielaget.

Lars Petter Rønnestad er med i støtteapparatet til 2012-laget, som vert leia av Einar Magne Skeide.

Mellom spelarane her finn vi Steffen Moltu, Bendik Torset, Thomas Kleppe, Martin Haanes, Anders Vaagen, Joachim Magnussen og Magnus Myklebust.

Gjengen skal ha mimrefest på Høddvollhuset kvelden før kamp.