Det sa rådmann Trond Arne Aglen då det var kalla inn til ekstraordinært møte i Sande kommunestyre denne veka.

Aglen og hans fagfolk tok ein grundig gjennomgang av saka overfor dei folkevalde, både i kommunestyret og det føregåande møtet i formannskapet.

Som kjent har kommunen og Kystverket hamna i ein disputt om avrundinga på hamneprosjektet, etter at det synte seg at mudringsmassane ikkje var omfangsrike nok til å fylle nordre deponi i hamna.

Ulike tolkingar

Kystverket syner til ein gjennomføringsavtale, der dei tolkar innhaldet slik at det berre var mudringsmassane som skulle fyllast inn. Kommunen syner til rammeløyvet Kystverket har fått, der det heller ikkje har kome endringsløyve.

Etter at problemstillinga dukka opp 28. april, då Kystverket kalla kommunen inn til eit statusmøte, har det vore mykje att og fram i saka. Eitt anna spørsmål er kor høg sjølve sjetèen rundt deponiet skal vere. Rammeavtalen seier 4 meter, medan Kystverket etter ein del om og men har landa på at dei vil fylle opp til 3,5 meter over sjøkartnull.

Spørsmålet no er om kommunen og Kystverket blir samde om ein umiddelbar avtale som sikrar meir oppfylling i deponiet før prosjektet vert avslutta frå Kystverket si side.

Vedtaket

Kommunestyret gjorde etter forslag frå ordførar Dag Vaagen fylgjande samrøystes vedtak:

1. Sande kommune oppmodar Kystverket om å fullføre utbygginga av Gjerdsvika hamn som planlagt og omsøkt, med grunnlag i oppdrag og tildeling frå Stortinget. Jf. også fastsett oppgåve- og ansvarsdeling i gjennomføringsavtalen med Kystverket og Sande kommune.

2. Kommunestyret legg til grunn at Kystverket avklarer evt endringar, i høve til det gjevne rammeløyvet, med Sande kommune som bygningsmynde.

3. Om naudsynt for god sluttføring av prosjektet kan Sande kommune yte bidrag til prosjektet, ut over det som ligg i gjennomføringsavtalen, med inntil kr 1.000.000,-. Ordførar får fullmakt til å signere evt tilleggsavtale innanfor slik ramme. Finansiering må kome tidlegast i 2020.

Då saka tysdag vart drøfta politisk i formannskap og kommunestyre, var det tydeleg frå administrasjon og ordførar at sjølv om kommunen opnar for ei millionløyving, så vil ein framleis drøfte det prinsipielle vidare framover. Men som rådmannen sa:

– Vi ynskjer ikkje ein juridisk debatt som no set ein stoppar for at prosjektet kan kome i mål. Å få jobben unnagjort har førsteprioritet, sa Aglen.

Det mangla heller ikkje på kritiske røyster. Jon Garen (Ap) sa det slik:

– Eg trur kommunen har «ei god sak». Kystverket bør strekkje seg for å sikra ei god avslutting. Om nordre deponi blir liggande som i dag, sikrar det ikkje noko godt ettermæle for deira del.

– Aldri salderingspost

Ordførar Dag Vaagen synte fram eit heilt arkiv av møteprotokollar og vedtak der kommunen og Kystverket punktvis var samde om korleis arbeidet skulle gjerast, av kven.

– Vi har møtt dei same folka i Kystverket i fleire år om denne saka. Men no har det kome inn myndigheitspersonar frå Kystverket som ikkje deler denne felles forståinga, sa Vaagen, og heldt opp sakspapira. Han la til:

– Det har aldri, verken skriftleg eller munnleg, vore meininga at nordre deponi skal vere ein slags salderingspost.

Han synte også til eit døme frå Myre i Vesterålen, der det vart avdekka eit avvik frå rammeløyvet i ei hamneutbygging. Då saka kom opp, fullførte Kystverket jobben som planlagt.

Om storfloa kjem ...

Arnljot Muren (Ap) kunne fortelje at ei storflo for ein del år sidan gjekk 3,05 meter over sjøkartnull. Med det synte han til kor viktig det er å få god høgde på nordre deponi, og i alle fall slik at deponiet ikkje blir vaska ut.

Olav Myklebust (Sp) sa i kommunestyret at framlegget til vedtak er konstruktivt. Han etterspurde likevel juridiske betraktningar frå kommunen si side rundt tvisten. Det same gjorde Einar Ekroll (V), som likevel meiner Sande kommune har «ei sterk sak».

Han rekna brevet frå Kystverket sin advokat mest som skremselspropaganda.

Arnljot Muren minna om at kommunen har høg lånegjeld og framleis står i Robek-registeret.

– Kystverket reiste rundt med flotte prospekt og reklamerte for hamneprosjektet. Og så avrundar dei saka slik. Spørsmålet er likevel om avtalane er kvalitetssikra som botnsolide. Det er merkeleg at Kystverket sin advokat hevdar dei ikkje har meir ansvar. Eg meiner vi burde ha teke ei runde med kommuneadvokaten, sa Muren.