For dykkar vedkomande er forholdet henlagt fordi det ikkje er anteke å vere rimeleg grunn til å underesøke om det ligg føre straffbare forhold. Det skriv påtaleansvarleg jurist Unni Moen Vikebakk i ei personleg melding til rådmannen.

Tidlegare har politiet avvist eit anna anmeldt forhold om same sak, retta mot kommunen, no i sommar.

Heller ikkje Sivilombodsmannen

Desse sakene gjeld, etter det vi har grunn til å tru, ikkje barnevernssakene som Kjell Runde har fremja mot kommunen. Desse sakene har vore undersøkte av både Fylkesmannen og Sivilombodsmannen, og ingen av dei har funne grunn til å reise tilsynssak mot kommunen.

Etter å ha vurdert klagen og saksdokumenta kom Sivilombodsmannen til at det ikkje var tilstrekkeleg grunn til å iverksette nærare undersøking av saka, heiter det i tilbakemeldinga som klagaren fekk frå Sivilombodsmannen tidlegare i år