Kommunestyret er tysdag innkalla til ekstramøte for å drøfte den etterkvart betente saka. Som kjent har Kystverket kome i manko på massar for å fylle ut nordre deponi.

– Kystverket har kome i den situasjon at mengda mudringsmassar er vesentleg mindre enn det som har vore lagt til grunn gjennom planlegginga av prosjektet, heiter det frå kommunalleiar Oddbjørn Indregård i saksutgreiinga.

Rådmannen slår fast at nordre deponi, utan fleire tiltak, berre vil nå ei kotehøgde på om lag 2 meter (sjøkartnull), i høve til 3,5 meter som er omsøkt.

Han legg til at det har vore fleire møte med Kystverket i den seinare tid, og no har det kome fram nokre alternativ, med tilhøyrande kostnader.

Tre alternativ

Rådmannen har lagt fram ei sak med tre alternativ. «Alternaiv 0» medfører ingen tiltak utover det som er gjort vedtak om. Her blir konsekvensane at nordre deponi ikkje vert klargjort som byggjeområde til fiskeriretta verksemd. Deponiet vil etter kommunen si meining likevel vere sikra mot utvasking sidan sjølve sjetèen er bygt til kote 3,5 meter. Ved høg vasstand vil det då ligge vatn inne i deponiet.

Neste alternaiv er at kotehøgda i nordre deponi vert auka frå 2 til 2,8 meter.

Dette alternativet, som rådmannen også tilrår, vil medføre at nordre deponig framleis ikkje er klargjort for vidare bruk som byggeområde for fiskeriretta verksemd. Men ved flo sjø vil det framleis vere tørt land her. Kostnaden for kommunen blir 1,1 mill. kr, men finansieringa frå kommunen kjem først i 2020.

Eit tredje alternativ er å auke kotehøgda også nordre deponi til 3,5 meter. Kostnaden for kommunen er her rekna til 2,8 millionar kroner.

Fastset 2020-budsjettet

Om kommunen går inn for mellomløysinga med å auke kotehøgda i deponiet til 2,8 meter, føreset det at Kystverket aksepterer at det økonomiske oppgjeret vert utsett til 2020.

I eit slikt tilfelle varslar rådmannen samstundes at kommunen sitt investeringsbudsjett for 2020 vil vere lagt.