21 åringen blir av Bergsøy omtala som ein allsidig spelar som kan bekle flere posisjonar.

– Han er landslagspelar og har store ambisjonar saman med Bergsøy handball. Vi gleder oss til å vise han fram til publikum i Herøyhallen, seier Jan Erik Myrseth på vegne av Bergsøy handball.

Deividas har signert ei 2 års kontrakt.

Spelar cupkamp

Herrelaget skal elles allereie i aksjon på torsdag. Då reiser dei til Braatthallen for å spele cupkamp mot Kristiansund. Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er ikkje i tvil på at Bergsøy er klar favoritt til å stikke av med sigeren.

– Kristiansund er definitivt eit lag vi skal klare å slå, seier ein sjøvsikker Buchard til Vestlandsnytt.

Elles seier han at ambisjonane er høge framfor den komande sesongen.

– Vi trenar godt for tida og vi er klare for eit nytt år der vi skal ha det gøy. Vi skal kjempe om tabelltoppen også i år.

Buchardt kan elles røpe at fleire spennande nysigneringar vil bli annonsert fortløpande.