27. mars 2017 vart det invitert til pressekonferanse i Gjerdsvika. Oskar Grimstad frå Frp var utsending frå Regjeringa. Med seg hadde han nyheita om at det var sett av 100 millionar kroner til hamna i bygda. Tiltaket med utdjuping og etablering av to landdeponi hadde prioritet i Nasjonal Transportplan i 2018. Avtalar vart signerte, og i fjor vart prosjektet igangsett, eit samarbeid mellom Kystverket og Sande kommune. Alt gjekk på skjener.

Heilt til for nokre månader sidan, berre kort tid før prosjektet etter planen skulle bli avslutta. Kystverket hadde fått opp mindre steinmassar, som gir meir volum i landdeponia enn sand, enn det trudde på førehand. «Då må vi gi oss, for mudringsarbeidet er ferdig, og vi har ikkje fleire massar», var tonen i Kystverket, som varsla at dei var innstilte på å avslutte eit uferdig arbeid på staden.

Det er både ulogiske og uforsvarlege signal frå Kystverket si side. Ikkje minst når vi snakkar om ei utbygging av slikt omfang, eit prosjekt som kommunen og regionen var lova frå styresmaktene si side. Med litt smidigheit frå Kystverket si side kunne og burde denne saka ha vore løyst for lengst. Det finst meir enn nok tilleggssand å grabbe opp frå sjøbotnen i Gjerdsvika.

Lat oss seie bygginga av ei ny vegfylling mellom to øyar skulle realiserast ved hjelp av sprengningsstein. Så rekna ein på kkor mykje ein skulle sprenge ut, rekna litt feil og enda opp med at vegfyllinga vart nokre meter for kort. Skal ein då kaste korta og konstatere at vegen diverre ikkje vart lang nok, eller skal ein hente opp litt meir stein for å kome i mål? Svaret gir sjølv.

Kystverket har ei moglegheit til å kome på betre tankar før arbeidet formelt vert avslutta. Dei ynskjer vel ikkje at eit elles utmerka arbeid skal bli hugsa som «det uferdige prosjektet»?