– Hallo?

– Hei Marikken. Det er frå Vestlandsnytt. Ja, du veit kanskje kvifor eg ringjer?

– Det er vel på grunn av det bildet ...

Det er måndag ettermiddag. Marikken Hauge Knotten og resten av det samansette Larsnes/Sundgot-laget har nettopp spela sin andre kamp under Norway Cup – mot Lyn. Dei vann.

Det er sjølvsagt stas. Kjensla kan likevel ikkje måle seg heilt med den Marikken fekk under Norway Cup sitt opningsshow laurdag kveld.

Plukka opp telefonen

Sola skin høgt på himmelen over dei mange tusen ungdommane som har møtt opp for å få med seg det store opningsshowet, med artistar som TIX, Hkeem, Vidar Villa, Hanne Mjøen og eMMa.

– Vi stilte oss fram i gjerdet og venta på TIX. Så kom han, og då han var ferdig med å syngje, sa han at han skulle dele ut sånne billettar så folk fekk kome backstage med han, fortel Marikken.

Då konserten er ferdig, kunne ungdommane fare, men Marikken og venninnene valde å bli ståande litt til.

– Då kom TIX ned frå scena og sprang forbi oss, seier Marikken.

Ho stakk mobiltelefonen ut over gjerdet for å filme kjendisen. Då, brått, slo han til den med handa si.

– Eg trur kanskje det var med vilje. Telefonen fall ned på bakken på innsida av gjerdet, fortel Marikken.

TIX bøygde seg ned og plukka den opp. Han skulle til å gi den tilbake til jentene ...

– Må så såg han at vi var på Snapchat, så han tok eit bilde med oss, seier Marikken fornøgd.

Det var nok mange som vart litt misunnelege då dei såg den snippen!