Av Larsnes (2003 jenter) sine motstandarar møtte dei Skeid allereie i fyrste kampen søndag. Den enda 2-2 og Sande-jentene fekk dermed ein fin start på Norway cup 2019. Klokka 17.15 i ettermiddag står Fitjar for tur, medan gruppespelet blir avslutta mot Bagn i morgon (tysdag).

– Fitjar og Bagn trur eg vi skal hevde oss bra mot, sa Indregård før stortuenringa blei sparka i gang.

Av Larsnes (2003 jenter) sine motstandarar møtte dei Skeid allereie i fyrste kampen søndag. Den enda 2-2 og Sande-jentene fekk dermed ein fin start på Norway cup 2019. Klokka 17.15 i ettermiddag står Fitjar for tur, medan gruppespelet blir avslutta mot Bagn i morgon (tysdag).

– Fitjar og Bagn trur eg vi skal hevde oss bra mot, sa Indregård før stortuenringa blei sparka i gang.

Braktap for Gursken/Gjerdsvika

Like bra gjekk det ikkje for gutelaget (G-2005) til Gursken/Gjerdsvika. Dei gjekk på eit braktap (19-0) mot Huk i fyrste kampen, og skal ut igjen mot Vedavåg seinare i kveld (mandag 18.30).

Gursken/Gjerdsvika sitt jentelag (2005) gjorde unna to kampar allereie på søndag og kunne ha vunne begge med litt betre utteljing i fyrste kampen mot Lyn.

– Hadde jentene sett alle sjansane sine så ville dei ha vunne med mange mål, seier lagleiar Rita Pettersen.

Men den etterfylgjande kampen mot Berlevåg vann Sande-jentene 4-2.

– Vi har diverre fått ein del skade i laget og har hatt to spelarar innom feltsjukehuse på Ekeberg. No kryssar vi fingrane for at vi har vore der nok, seier Pettersen.

Fin start for Tjørvåg

To sigrar på like mange kampar gav ein fin start for Tjørvåg som stiller lag saman med Gurskøy og Moltu. Samlelaget frå Indre Herøy stiller med 9’arlag for jenter (2006) og 7’arlag for gutar (2003).

For jentene blei det 2-1 over Heia i ein jamspela fyrst kamp. Gutane opna med 3-2 over Kjelsås, og fylgde opp med ein mållaus kamp mot Rosendal måndag føremiddag. Tjørvåg-gutane har dermed fire poeng etter to kampar og ligg på andreplass etter Rosendal som har betre målskilnad.

Blanda for Bergsøy

Av Bergsøy sine fem lag var det dei to som stiller i 2003-årsklassa som starta best. Gutane starta med 4-0 over Stordal, og dei jamaldra jentene følgde opp med 3-2 over Porsanger.

Juniorlaget til Bergsøy (G-2000) møtte ein såpass sterk motstandar som Vard Haugesund i fyrste kampen og laget frå Rogaland vann 4-1.

Enda verre opning fekk 9’arlagt til Bergsøy i klasse (G-2006). Dei opna mot Flaktveit og tapte heile 11-00.

I neste kamp, som gjekk mot Hødd, retta Bergsøy-gutane derimot opp igjen inntrykket og vann 4-1. Tysdagens møte med Lyn vil avgjere den vidare lagnaden til 13-åringane frå Bergsøy.

Bergsøy (gutar 2005) måtte vente til mandag føremiddag med sin fyrst kamp. Der møtte dei estlanske Augur som vann 4-0 over jamaldringane frå Herøy. Augur er det einaste deltakande laget frå Estland i årets turnering.

Kampar mandag

Samtlege av dei lokale laga skal i aksjon i løpet av mandagen med slikt program:

Bergsøy: 10.50 gutar 2005 mot Augar. 11.40 gutar 2003 mot Vollen. 12.20 gutar 2006 mot Hødd. 16.15 jenter 2003 mot Sjetne. 19.25 gutar 2000 mot Heming.

Tjørvåg: 18.10 jenter 2006 mot Oppsal.

Larsnes: 17.15 jenter 2003 mot Fitjar.

Gursken/Gjerdsvika: 14.15 jenter 2005 mot Avaldsnes.

18.30 gutar 2005 mot Vedavåg.