Klaveness Marine kom til Fosnavåg for tre veker sidan og skal vere her fram til Idar Ulstein er klar til innstats igjen. Den faste redningsskøyta i Fosnavåg blir no reparert etter den dramatiske samanstøyten som båten fekk med land på Grytastranda seinhaustes i fjor.

– Etter planen skal visst Idar Ulstein vere ferdig utbetra rundt årsskiftet, og då blir det vel tilbake til Oslofjorden igjen med oss. Det er i alle fall det som er planen.

Stille og roleg

Det seier styrmann Aleksander Pettersen som har vore med på tre oppdrag etter at vikaren for Idar Ulstein kom til Fosnavåg for tre veker sidan. Siste oppdraget gjekk ut på å assistere den britiske trålaren som fekk branntillaup i maskinromet sist helg.

– Trålaren hadde ikkje behov for hjelp, men vi fylgde dei inn til Ålesund, fortel Pettersen.

Oppdraga elles har vore ei ferje med motorstans og ein seglbåt som trengde hjelp i stiv kuling.

Allsidig og kjekt

Styrmann Pettersen er frå Kvalsvika og kjem dermed til å vere på heimlege trakter medan Klaveness Marine er stasjonert i Fosnavåg. Frå tidlegare har han fartstid både i fiskeri og offshore, men redningsskøytejobben meiner han er minst like bra som noko av det han tidlegare har vore med på.

– Ein veldig kjekk og allsidig jobb, for når vi berre er tre mann må det nødvendigvis bli variert, seier Pettersen som tek sin tørn med matlaging og elles er dykker når det trengst.

Søv på land

Den nye generasjonen redningsskøyter er ikkje bygde med bumulegheiter, men i Fosnavåg har mannskapet husvære berre hundre meter unna redningsskøyta sin faste liggeplass på indre hamn. Den nye og moderne leilegheita i Mohamarbygget fungerer ifylgje Pettersen veldig godt.

Kan bli litt tøft

Fungerer godt gjer også båten, som er bygd så seint som i 2016. Klaveness Marine er veldig godt utstyrt og gjer høg fart, men tilhøyrer den minste klassen av redningsskøyter med fast mannskap. Pettersen fortel at i samanlikning med Idar Ulstein er skøyta fem meter kortare og har berre halve maskinkrafta til den faste skøyta i Fosnavåg.

– Litt liten på vinterstid, men eit veldig greitt verktøy på denne tida av året, slår Pettersen fast.