Alterskap og messehakel i Sande kyrkje

Denne helga vil messehakelen bli nytta ved Gudsteneste i Sande kyrkje. Søndag er det og friluftsgudsteneste ved Skogevatnet.

Klenodium:   Foto: Per Eide

Nyhende

I den siste tida har messehakelen og alterskapet i Sande kyrkje fått si velfortente merksemd. Vi veit at det er store kulturskattar vi har i kyrkja vår. Men det er kanskje først når andre, fagfolk med stor kunnskap, kjem og fortel oss om det at vi heilt forstår kor verdfulle dei er.

Alterskapet har i lengre tid vore til behandling hos riksantikvaren, men er no kome tilbake til kyrkja. Dei som har arbeidd med det, har uttrykt stor beundring for det genuine kunstverket det er. Og no skin dei vakre bilda framme i koret der dei høyrer heime.

Messehakelen har den siste tida diverre vore lite i bruk, og det har vore vurdert å la den verte teken vare på i eit museum. Fellesrådet har vurdert dette, og no sagt at den skal verte verande i Sande. Den skal førebels oppbevarast trygt i eit bankhvelv, men brukast på høgtidsdagar og andre viktige dagar i Sande kyrkje. Hadde den vorte gøymd på eit museum, ville den heilt mist sin verdi som den umisselege delen den er av kyrkja vår.

For å markere at det er her, i Sande kyrkje, den høyrer heime, vil vi nytte den på gudstenesta no på søndag. Så denne dagen kan vi i fellesskap få kjenne gleda over å møtast i den vakre kyrkja med dei fantastiske kulturskattane vi har: alterskapet framme i koret og messehakelen som begge fortel om den lange og gode historia til kyrkja sin plass på Sandsøya.


Friluftsgudsteneste ved Skogevatnet

Søndag ettermiddag kan vi på nytt ynskje velkomne til friluftsgudsteneste ved Skogevatnet. Lett tilgjengeleg, fint ved kanten av vatnet, har dette vorte ein nydeleg plass å møtast også på ein søndag. Det er ei god oppleving å sitte saman i den fine naturen og få nyte fellesskapen med kvarandre, nokre fine songar og ord for dagen. Ludvik hjelper oss med musikk, og kvar får ta med det dei treng til kyrkjekaffien. Velkomen!