– Dette blir vår båt nummer fire i seismikksegmentet, og er ein båt som vil komplettere seismikkflåten vår, seier adm. dir. Fredrik Remøy om kjøpet av Lewek Andes frå selskapet EMAS.

Det Singapore-baserte selskapet har vore i restrukturering over ein lengre periode.

Den sju år gamle PSV-en er systerskip til Rem Aquarius som Rem Offshore kjøpte frå det same selskapet i juli i fjor. Båten er for tida inne på ombygging til å drive som skytebåt i samband med nodeseismikk.

Mykje lokalt utstyr

Remøy fortel at det er ei nokså omfattande ombygging dei har starta på ved ST Marine i Singapore. Mellom anna er det mykje utstyr som skal leverast på relativt kort tid, og mykje av utstyret kjem frå lokale leverandørar som Evotec og Ulmatec Baro med fleire.

– Vi har også med oss ein lokal bank, fortel Remøy, som talfestar investeringa til rundt 30 millionar US Dollar medrekna kjøp og ombygging.

Dette er ei investering som Rem står åleine om.

Kan operere i lag

Ombygd til skytebåt vil det nye Rem-fartøyet til dømes kunne operere i par med med Rem Aquarius. Medan dette fartøyet driv med legging av noder på havbotnen, er det Lewek Andes sin jobb å generere sjokkbølgjene som går ned i fjellet og blir reflekterte tilbake til nodene. Deretter blir nodene tekne på land for analysering.

– Ein fordel med dette kjøpet er at vi no har ein nodebåt og ein skytebåt som lett kan jobbe i lag. At båtane har same design og fabrikantar er heller inga ulempe i den samanhengen, seier Remøy.

Stor kapasitet

Det spesielle med det 88 meter lange og 19 meter breie fartøyet er at det blir den fyrste skytebåten som får fem kompressorar om bord. I tillegg har båten god maskinkapasitet som gjer at den kan dekke eit større område raskare enn nokon annan skytebåt.

Langtidskontrakt

Remøy kan opplysel at Lewek Andes skal ut på langtidskontrakt med ein internasjonal aktør som sikrar drifta i minst to år framover. Båten skal fyrst til Nigeria, og deretter blir det potensielt Midt-Austen. Rem Offshore vil med dette ha båtar i arbeid på alle kontinent utanom Australia.

– Vi satsar på å få fleire båtar inn på norsk sokkel etter kvart, og vi trur der er mulegheiter framover, sier Remøy.

Han fortel at satsinga på seismikk mellom anna skjer på grunn av at skytebåt- og seismikkmarknaden har ein heilt annan etterspørsel enn det ein ser i andre offshoresegment.

I tillegg til dei to systerskipa driv eitt av Rem Offshore sine subseafartøy med ROV-oppdrag for seismikk. Det fjerde seismikkfartøyet er ein båt som Rem har leigd inn.

Utanlandsk flagg og mannskap

Lewek Andes skal bemannast med ei blanding av ulike nasjonalitetar. Båten vil gå under Bahamas-flagg, og i dette tilfellet blir det ingen nordmenn om bord.

– Slik vår modell er lagt opp skal vi ha ein god lågkostbase, og på operasjonar i fjerne strok blir det mindre attraktivt for nordmenn å vere med. Til dømes i Nigeria er det i dag vanskeleg å sysselsette nordmenn i dei stillingar som er aktuelle, forklarar Remøy.

Rem Offshore har i dag nærare 300 tilsette og ein organisasjon med ganske mykje erfaring innan seismikk.